Kristiania-romanen

Kristiania-romanen av Jon Flatabø, tittelblad (Nasjonalbiblioteket).
Kristiania-romanen av Jon Flatabø, tittelblad (Nasjonalbiblioteket).
I Kristiania-romanen (1891) skreiv Jon Flatabø om ein prest som blei avslørt som «sodomit». Morgenbladet karakteriserte verket som «den mest svinske Bog, der vel her i Landet har seet Dagens Lys».

Publikasjonen av Kristiania-romanen i 1891 skapte sterke reaksjonar. Boka blei beslaglagt og utgjevaren, Jon Flatabø (1846-1930), dømd for usedelegheit.

Flatabø var lærar, journalist og forfattar frå Kvam i Hardanger. Etter studiar på Voss og Stord arbeidde han først ei tid i skuleverket, seinare som journalist. Midt i 1880-åra flytta han til Kristiania og byrja å arbeida for dei radikale avisene Arbeideren og Morgengryet (Dahl 1974: 65-66). Desse publikasjonane var sterkt kritiske til øvrighet og embetsmenn, og Flatabø tok til orde for at born fødde utanfor ekteskap skulle få arverett og farens etternamn – eit radikalt standpunkt for si tid.  

Flatabø har vore rekna som ein av «dei fire store» innan populærlitteraturen saman med Karen Sundt, Hans A. Foss og Rudolf Muus. Dei skreiv bøker som nådde ut til breie laga av folket, og hadde slik større nedslagsfelt enn det som blei rekna som høgverdig litteratur (Glette 1997, 9).

I 1891 gav Jon Flatabø ut boka Kristiania-romanen. Willy Dahl har i sin studie av «dårleg» litteratur, karakterisert boka som eit underleg produkt: ei blanding av bygdeforteljingar, reportasjar frå det farlege Kristiania, populærvitskaplege artiklar, historier frå den amerikanske borgarkrigen og forteljingar om utuktige prestar (Dahl 1974, 68). Trass i tittelen kan ikkje boka seiast å vera ein roman, det er snarare ei samling tekstar skrivne av ulike forfattarnamn som var kjend frå Morgengryet.

Kristiania-romanen er digitalisert hos Nasjonalbiblioteket. 

Sodomitten Matzon

Eit av psevdonyma Flatabø brukte var «Isjøkul» (Dahl 1974: 67), som også sto som forfattar av mange av tekstane i Kristiania-romanen. Blant desse var tre forteljingar om prestar som hadde ført eit umoralsk liv og misbrukt si makt. Denne bolken i boka heitte «Et geistli trekløver», tekstane var skrive med ein talenær ortografi.

Den første av desse presteforteljingane handla om ein kapellan i ein av byens størst kyrkjer, Frantz Matzon. Han var ein relativt ung mann som blei ein populær prest og sjelesørgjar: «En mængde av det svake og smukke kjøn infant sig hos den unge præst; ti han var kommen paa moden» (Flatabø 1891, 57).  Etter kvart blei det påfallande at Matzon prioriterte unge, vakre kvinner i denne andelege verksemda, rett som det var blei dei invitert inn i hans «lønkammer» som låg vegg i vegg med kontoret hans. Etter kvart fekk han fleire elskarinner. Rykta byrja å gå i kyrkjelyden, og for å komma dette til livs rådde soknepresten sin kapellan til å gifta seg. Matzon gifta seg då med soknepresten si dotter.

Men ekteskapet sette ingen stoppar for det usedelege livet han førde:

[…] kapellan Matzon var allere kommen in paa et rædsomt skraaplan, usædeligheten; ti lidenskapen av det slag, naar den overdrives, er fortærende, som den er umætteli. Usædeliheten, det er flerkoneriet; men ofte stanser den ikke me det; ti overmættelsen jør en lej, og den usædelie prøver unaturlie ting og framgangsmaater for tilfredsstillelsen av den dyriske lyst. Saa jik det me de gamle romere, kejserne meregent, og saa har det gaat siden like op til kirkefyrster (prælater), ja ænog [endog] paver. Saa gik det ogsaa med kapellan Matzon. Han ble en sodomit. […] Tilslut gaar det saa me kvinnejægere, - de blir lej av «kvinnens naturlie bruk», som apostelen Paulus taler om i sit 1ste brev til romerne. Dernæst kommer den unaturlie bruk. Saa jik det me innbyggerne i Sodoma og Gomora, som synnet saare mot Herren, og saa jik det til sist me kapellan Matzon. Han søkte omgang me mæn (Flatabø 1891, 64).

Ein dag kom skreddaren Olaus Aasheim - "[e]n høj, vakker ung man" - på pastoren sitt kontor for å ta mål av han til nye klede (Flatabø 1891, 64). Undervegs byrja Matzon å gjera tilnærmingar. Deretter skjenka han skreddaren med vin før han fekk han med seg i senga på bakrommet:

Komne vel unner dynen, omfavnede først præsten sin «jærtesven», som han kalte ham, og skrædderen, som dertil ble opmuntret, omfavnet til jenjæl præsten. Det jik til me kjærtegn som mellem kjærestefolk, og naar venskapet først var børjet, ble det fortsat med stigende glæe og tilfredshet av begge parter. Aa ingaa paa noen nærmere sjildring av forhaallet, høver ikke (Flatabø 1891, 65).

I tida heretter møtte pastoren ikkje berre Aasheim, men også fleire andre menn, mens kona hans og hans «kvinnelie kjærester» merka seg at han blei meir og meir likegyldig overfor dei. Til slutt gjekk to av elskarinnene saman, følgde etter Matzon og Aasheim, og observerte kva dei gjorde med kvarandre på eit pissoar. Det heile blei meldt til politiet, saka blei etterforska og rapportert om i ei avis, men no var Matzon og Aasheim «strøkne til Hamburg, der de drev det same levnet» (Flatabø 1891, 67). Etter å ha blitt ettersøkt, valde dei å venda tilbake, pastoren prøvde å reinvaska seg, men tilsto til slutt. Likevel blei verken han eller elskaren straffa, utan at teksten forklarer oss grunnen til dette.

Saka førte til mykje merksemd og skriveri, hykleriet til denne moralens vaktar blei påpeikt. 

Men præst ville han endeli framdeles være, og et maalbla skrev, at han nu kanske kunne bli bedre sjikket dertil æn før, da han var en i høj mon prøvet man. Flere mente det samme, og enden ble da den, at han av sine troende tilhængere ble julpet til et privat præstekal i en privat kirke i en fjærn verdensdel (Flatabø 1891, 67).

Sensur

Etter eit halvt år blei boka beslaglagt, og i retten blei ho funnen å vera usedeleg. Dommen fall i lagmannsretten 13. januar 1893: Flatabø fekk 60 dagar fengsel samt måtte betala 100 kroner i omkostningar for å «krænke Sædeligheden» (Dahl 1974, 68; Dagbladet 13.01.1893).

Tekstane som blei nemnd i retten handla om skildringar av usedelege (heteroseksuelle) handlingar i Slottsparken og Ekeberg. I den føreliggande litteraturen står det ikkje noko om kva rolle forteljinga om kapellan Matzon eventuelt spelte for dommen. Willy Dahl har hevda at  skuldinga om usedelegheit var meir eit påskott for å ramma ei bok som var sterkt kritisk til både militære og embetsmenn. Fleire av historiene antyda at det føregjekk umoral og utskeiingar ikkje berre blant presteskapet, men også blant offisersstanden. 

Morgenbladet  omtalte 13. januar 1893 Kristiania-romanen som "den mest svinske Bog, der vel her i Landet har seet Dagens Lys". 

Vidare forsking

Forteljinga om pastor Matzon har så langt gått under radaren i den skeive litteraturforskinga. Den bør ha interesse for forskinga i lys av kulturstriden om seksualitet som raste i tiåra kring hundreårssiftet, der også homoseksualitet var eit tema (som i romanane Under paddehatten og Drude Helmers egteskab). 

I 1888 hadde kapellan Søren Pederson i Kristiania blitt avslørt for forhold som liknar påfallande på Flatabø si skildring av tilfellet Matzon. Pederson hadde hatt eit forhold til ein yngre arbeidar. Etter at dette blei avslørt flykta dei saman til London. Seinare drog Pederson til Australia, der han blei pastor for ein ny kyrkjelyd.

Litteratur:   

Dahl, Willy. 1974. Dårlig” lesning under parafinlampen. Oslo: Gyldendal.

[Flatabø, Jon]. 1891. Kristiania-romanen. Skildrende fortællinger av hovedstadens nyeste og mest yndede forfattere. Kristiania: Morgengryets forlag.

Glette, Kåre. 1997. Jon Flatabø og Vestfold. Om opphaldet i Jarlsberg og populærforteljingane Aagot og Vebjørn. Tangen: Skibladner forlag.

Thuesen, Arthur. 1927. Beslaglagte og supprimerte bøker i den norske litteratur. Oslo: Bibliofilklubben.