Homodebatten i 1928

Ein organisert norsk homokamp byrja i 1950 - før dette finn me få og ingen spor etter at skeive sjølv tok offentleg til orde for si eiga sak. Ein hittil ukjent avisdebatt frå 1928 utgjer eit unnatak.

Illustrasjon ved Kari Anne Augustsen (2018 ) basert på eit fotografi av Alf Marin Jæger som ung. Med løyve frå kunstnaren.

På 1920-talet var likekjønna kjærleik eit marginalt tema i den norske offentlegheita. Omgrepet homoseksualitet, som var konstruert på slutten av 1800-talet, hadde fått ei viss utbreiing, først i psykiatriske lærerbøker og vitskaplege artiklar, etter kvart i nokon grad også i avisene. Norske psykiatrar såg på homoseksualitet som noko som i ein del tilfelle var medfødd, i andre tilfelle var eit resultat av ei uheldig psykologisk utvikling der såkalla «forføring» var sett på som ei hovudårsak: Psykiatrane meinte at feil impulsar i oppveksten, då særleg ved at ein blei forført av eldre menn, kunne føra til at ein blei varig homoseksuell.Det var altså snakk om ein slags smitte-effekt som samfunnet måtte verna seg mot. 

§ 213 i den norske straffelova gjorde at seksualitet mellom menn var forbode, men i praksis blei paragrafen berre brukt særs sjeldan: I lovteksten sto det at det berre skulle komma til påtale om «almene hensyn» kravde det, noko som gjorde at samtykkande forhold mellom vaksne menn over 21 år berre i heilt sjeldne tilfelle blei straffa. Dei få gongene § 213 blei brukt var det i hovudsak mot vaksne menn som hadde hatt seksuelle forhold til gutar under 21 år. Lovverket ramma altså først og fremst «forføring» av ungdom - i tråd med dei psykiatriske teoriane.

 

En kvindes hjerte

I Tyskland eksisterte det på denne tida ein organisert homokamp med røter tilbake til slutten av 1800-talet. For denne rørsla var utgangspunktet at homoseksualitet var biologisk, ein var fødd sånn. Den vesle gruppa dette gjaldt var dermed ikkje farleg for samfunnet, det var ikkje ein smittsam eigenskap. Homoseksuelle handlingar måtte derfor vera lovlege på same premissar som heteroseksualitet. Frontfiguren for denne rørsla var legen og sexologen Magnus Hirschfeld (1868-1935) som såg homoseksualiteten som ein medfødd, naturleg og ikkje-sjukeleg eigenskap. Han meinte at det var snakk om menneske som var fødd som ein slags mellomtypar mellom kjønna, eit «tredje kjønn».

I Noreg fanst det ikkje noka slik organisert rørsle og det var før 1928 knapt nokon som hadde heva røysta for å endra på situasjonen. Den unge nordnorske forfattaren og læraren Alf Martin Jæger (1895–1967), som var knytt til den politiske arbeidarrørsla, er det viktigaste unntaket, i romanane hans Strengen brast (1923) og Odd Lyng (1924) var homoseksualitet hovudtema.  Hovudpersonen i sistnemnde, den unge journalisten Odd Lyng, forelskar seg i ein annan ung mann, Carsten Ulve. Kjærleiken blir gjengjeldt i form av to hender som møtest i ein kinosal i Tromsø, men Odd blir kasta ut i tvil og skuldkjensle. Han fryktar straffelova og spør seg om det han kallar «sin naturs krav» var ei følgje av dårleg innverknad i oppveksten eller arv. Me anar at forfattaren har tru på det siste, og hovudpersonen er også inne på det: «Gud, hvorfor skapte du mig som mand og gav mig en kvindes hjerte?», spør han seg. 

Mens Jan Olav Gatland allereie på 1980-talet trakk fram forfattaren si behandling av homoseksualitet som litterært tema, veit me no at Jæger ikkje nøydde seg med dette: han tok også del i det  offentlege ordskiftet med eit lesarinnlegg.[1]  Den 15. november 1928 tok han nemleg ordet i Dagbladet. Bakgrunnen var at Jæger hadde lese om skuleinspektør Sven Svensen (1863–1943) som på Det frivillige kyrkjemøtet i oktober hadde åtvara mot at det no blei kjempa for aksept for homoseksualitet. Svensen hadde spesifikt reagert på at det under ein kongress i København hadde vore kravd «beskyttelse for homoseksualitet.»[2]

 

Seksualreformatisk verdsliga

Kravet Svensen refererte til var sett fram på ein internasjonal Kongress for seksualreform i København som hadde funne stad i juli i 1928. Magnus Hirschfeld var ein av initiativtakarane til kongressen. Forutan å ha leia kampen for likekjønna kjærleik i Tyskland sidan 1890-tale talet, var Hirschfeld leiar for Institutt for seksualvitskap i Berlin som var eit kraftsentrum for progressiv seksualpolitikk i Europa. Sommaren 1928 var han altså i København på ein kongress som samla sexologar og reformatorar frå mange land, dei fleste med tilknyting til den politiske venstresida. Det heile munna ut i skipinga av Verdsligaen for seksualreform som hadde eit breitt seksualreformatorisk program som inkluderte prevensjonsopplysning, friare tilgang til abort og avkriminalisering av likekjønna seksualitet.

Ein kongressdeltakar frå det kommunistiske Sovjetunionen fortalde i København om lovreformene etter revolusjonen, som mellom anna medførde at utanomekteskapleg heteroseksuelt samliv var akseptert og at homoseksualitet ikkje lenger var forbode.[3] Og Magnus Hirschfeld framførte eit foredrag som i følgje Arbeiderbladet sitt referat var «Et varmt forsvar for homoseksualistene» med oppmoding om at Verdsligaen måtte kjempa for «denne undertrykte menneskelige varietet som ennu i vår civiliserte tid forfølges så meningsløst og grusomt».[4]

Kanskje hadde Jæger lese denne eller ein annan avisartikkel om kongressen i København. Bodskapet appellerte i alle fall til han. For skuleinspektør Svensen og mange andre på det norske kyrkjemøtet var det motsett: den københavnske kongressen og verdsligaen symboliserte for dei alt som var galt med den moralske utviklinga i samtida.  

 

Moderne hekseprosessar

I sitt innlegg i Dagbladet 15 november 1928 slutta Jæger seg til aksepten av homoseksualitet frå København, og viste til at det i fleire land no var reist krav om avkriminalisering. Så vidt han kjende til fanst det ikkje slike forbod i Nederland, Frankrike og Sør-Europa, og han meinte straff snart ville bli oppheva også i andre land. «Skal Norge være det siste?», spurde han. Han heldt fram med å visa til at det i Tyskland fanst ein heil litteratur om emnet der ein brukte omgrepet «det tredje kjønn» og oppfatta homoseksualitet som i dei fleste tilfelle medfødd.

Heteroseksuelle skjønte ikkje at homoseksuelle følte nett det same for personar av same kjønn som andre gjorde overfor det motsette, hevda Jæger. Når mange såg homoseksualitet som erverva gjennom «forføring av kamerater», var det sannsynlegvis slik at den låg der latent opphavleg, la han til. Difor var det ingen grunn til å ikkje fjerna straff for homoseksualitet så lenge det skjedde frivillig av begge partar. Når det gjaldt born måtte derimot lova gripa inn, på same måte som når det gjaldt seksuell omgang med mindreårige generelt.

Jæger avslutta innlegget sitt med å samanlikna med hekseprosessane. I ettertid kunne ein smila av dei, uansett kor sørgjelege dei var: «Mon ikke en senere tid vil gjøre det samme like overfor tiden nu når straffen for homoseksualitet er avskaffet i alle kulturland».

 

Ei hjartesak

Alf Martin Jæger hadde kvensk familiebakgrunn frå Alta, men sat og skreiv dette i Oksfjordhamn i Troms, der han no var barnekulelærar. Han hadde nokre år tidlegare hatt ei lærarstilling i Balsfjord, og det blei viska om at den første boka hans, Strengen brast, var eit sjølvportrett. Han var altså allereie utsett for rykte som hefta han personleg til temaet han skreiv om. Likevel valde han altså å stikka hovudet fram igjen i form av eit lesarinnnlegg. Sjølv om Jæger seinare, som førtiåring, gifta seg, tyder mykje på at han må ha oppfatta seg sjølv som bi- eller homoseksuell. Tematikken var i alle høve ei hjartesak for han, og også den tredje romanen han gav ut, Ser du en stjerne fra 1950, handla om likekjønna kjærleik.

Når avkriminalisering tidlegare hadde blitt føreslått i den norske offentlegheita var det av legar som først og fremst var opptatt av at homoseksualitet ikkje høyrde til i rettssalen, men skulle behandlast terapeutisk eller førebyggast.[5] I Jæger sitt innlegg sto det derimot ingenting om sjukdom, tvert om hevda han at homoseksuelle «føler akkurat like ens for en av sitt eget kjønn» som heteroseksuelle overfor personer av motsett kjønn.[6]

 

Smuss på store menneskers sinn

Innlegget førde ikkje til ein omfattande debatt i Dagbladets spalter, men nokre motrøyster heva seg. Den eine av desse var Ernst Nielsen (1901–1963), ein ivrig tilhengar av den nyreligiøse filosofien teosofien.[7] Jæger hadde i sitt innlegg hevda at «flere av historiens mest kjente kvinner og menn har vært homoseksuelle», og han hadde nemnd mellom anna Leonardo da Vinci, Shakespeare og Oscar Wilde. Det som fekk Nielsen til å reagera var Jæger sin påstand om at grunnleggaren av teosofien, Helena Petrovna Blavatsky (1831–1891), «uten tvil» hadde høyrd til i same kategori. Ermst Nielsen meinte dette måtte reknast som «gemen sladder» om ikkje Jæger kunne komma med bevis.[8] I sitt tilsvar i Dagbladet 30. november viste Jæger til den svenske legen Anton Nyström (1842–1931) som i ei bok – Om homosexualitet och hermafroditi hadde hevda at Blavatsky var «en blanding av mann og kvinne» og aldri hadde hatt intime forhold til menn.[9] Ser me på kva Nyström skreiv var nok Jægers formulering «uten tvil» å ta munnen litt for full, rettnok hadde Blavatsky i ungdommen ifølgje Nyström hatt mange «intima kvinnliga förbindelse», men ein kunne ikkje sikkert vita noko om arten av desse forholda.[10] Jæger, som sjølv var ein ihuga følgjar av teosofien, understreka at han sette Blavatsky høgt, og at han på ingen måte hadde meint det på nokon negativ måte, det var ingenting «å utsette på hennes sedelighet».[11] For Ernst Nielsen blei konklusjonen at Jæger ikkje hadde kunna bevisa påstanden, og han avslutta med ein kommentar om at ein ikkje burde «kaste smuss på store menneskers sinn!».[12]

Nielsen hadde i sitt første innlegg også uttrykt eit tydeleg standpunkt til saka som sådan. Han håpa Jæger blei ståande aleine i sin kamp «idet ikke bare straffeloven men også alle «anstendige mennesker» fordømmer homoseksualitet som en av menneskenes avskyeligste laster».[13]

 

Det tredje kjønn

Jæger sitt første innlegg hadde hatt tittelen «Det tredje kjønn», og både dette og argumentasjonen om homoseksualitet som ein medfødd, ikkje-sjukleg eigenskap, samt referansen til at det fanst heil litteratur om temaet i Tyskland, tyder på at han hadde Magnus Hirschfeld sine teoriar i tankane. Hirschfeld såg nemleg homoseksuelle som tilhøyrande eit «tredje kjønn» eller «seksuelle mellomtrinn» («sexuelle Zwischenstufen»), og han forklarte det som ein arveleg biologisk disposisjon som ikkje var sjukeleg eller degenerativ. Sannsynlegvis har Jæger fått dette tankegodset formidla gjennom den nemnde boka av Anton Nyström, eit hefte på 47 sider, frå 1919.

Nyström viste til så vel Hirschfeld som eigne studiar når han definerte homoseksualitet som ein anomali som fanst «hos många till kropp och själ fullkomligt friska personer, som ofta utmärkas af hög intelligens och ej visa några psykiska defekter».[14] Kjærleikslivet til desse personane var den same som hos heteroseksuelle berre med den skilnaden at det gjaldt same kjønn.[15] Nyström meinte nyare forsking støtta opp om oppfatninga om at homoseksualiteten var ein medfødd type hermafroditi.[16]

Inspirert av Nyström hevda altså Jæger synet at homoseksualitet var ein medfødd, naturleg variasjon og at den likekjønna kjærleiken bygde på dei same kjenslene og verdiane som den heteroseksuelle. Slik markerte han både avstand til den tradisjonelle oppfatninga om at homoseksualitet var ei syndig last og til den psykiatriske teorien om at det var ein erverva og "smittsam" sjukleg eigenskap.

 

Kultur- og helseøydeleggjande krefter

Det var ikkje berre Ernst Nielsen som reagerte på dette standpunktet. I eit innlegg i avisa Austland den 6. desember kom Johan Ørjasæter (1902-1992) med ein skarp kritikk av Jæger. Ørjasæter hadde blitt forferda då han las Jæger sin artikkel som han meinte «lograr for homoseksualitet». Han var slett ikkje einig med Jæger, og såg det som særs viktig at samfunnet verna seg mot «rotenskap» av denne typen:

Nei, lova må halde handa på dei erotiske rov- og blautfiskar som andar rotenskap og forpestar livet! Eit samfund som ikkje vil undergrava seg sjølv, må kjenna ansvaret. Tek eit samfund burt straffa for slike kultur- og helseøydeleggjande krefter, er det avdi det vil gjera ende på seg, med eit fint ord: sjølvmord.

Johan Ørjasæter, som var lærar og klokkar i Setskog i Akershus,  sto altså for eit strengt tradisjonelt syn der straff mot homoseksualitet var nødvendig. Samtidig var han også påverka av den nyare medisinske oppfatninga av fenomenet: Han meinte at både dei som var «sjuke» frå fødsla av og «dei som har vorte smitta av lasta» måtte hjelpast til å  bli friske.

Ørjasæter avslutta i tråd med dette med ein appell:

Vår tid treng jaktarar etter slike som vil øydeleggja born, ungdom og moral med sin ufysnad.

 

«Noregs sterkaste mann»

Om Jæger i det heile fekk vita om Ørjasæter sitt innlegg, er uvisst, i alle fall har han ikkje svart på det.  Han fekk derimot med seg at  vektløftaren, brytaren og sikusdirektøren Karl Norbeck (1867–1939) hadde gått sterkt ut mot han. Norbeck var også kjend som «Noregs sterkaste mann», og hadde vore ein av dei sentrale personane i det fascistiske partiet Den Nasjonale Legion som blei skipa med brask og bram i 1927, men som gjekk i oppløysing allereie våren 1928 etter å ha gjort eit elendig stortingsval.[17]

I Oksfjordhamn hadde Jæger fått eit brev i posten frå ein anonym avsendar innehaldande artikkelen der Norbeck gjekk hardt ut mot han. Det følgde ingen opplysningar om kor det hadde stått på trykk, og det har heller ikkje lukkast meg å finna innlegget.  Av Jæger sitt tilsvar i Dagbladet 11. desember går det fram at Norbeck hadde skrive noko om om to menn eller to kvinner som «sitter på restauranter eller andre forsamlingssteder – som har bukser på og kysser og kliner hverandre». Jæger repliserte i Dagbladet 11. desember 1928 at etter hans meining var det ikkje stort tekkelegare om ein mann og ei kvinne sat slik på ein offentleg stad. Det var ikkje folk som slik utfordra grensene for kva som sømde seg Jæger ville ta til orde for, men:

[…] alle de ulykkelige – som ikke kan for sine tilbøieligheter – som drives til fortvilelse, ja selvmord, fordi de av andre mennesker blir betraktet som «paria». Det gjaldt alle disse som er dyktige og bra mennesker, og som en ikke har rett til å kreve av at de skal leve et mer asketisk liv enn en heteroseksuell.[18]

Jæger trudde «aldeles ikke at usedeligheten i vårt land blev større om den tidligere nevnte umenneskelige lovparagraf ble fjernet». 

 

Hensynet til de sunde

Ein annan motdebattant var ein Chr. Benneche, sannsynlegvis er det her snakk om kunstnaren Christian Benneche (1909–1936) som seinare blei aktiv i den nasjonalsosialistiske Ragnarok-krinsen. Han gjekk mot Jæger sin oppfatning om at homoseksualiteten i hovudsak var medfødd – det gjaldt i tilfelle berre ein minoritet.[19]  Dessutan var det slik at «hensynet til de sunde bør gå foran hensynet til de syke, når det gjelder å hindre smitten i å bre sig». Han viste til Sigmund Freud som hevda at alle menneske hadde i seg ei spire til alle perversitetane: «Homoseksualiteten er en barnlig tilbøielighet som i kraft av omstendighetene har fått utvikle sig og ta plassen for den naturlige drift». Denne «sykdommen» var i dei fleste tilfelle erverva ved forføring av kameratar i barne- og ungdomsåra. «Her er det loven bør være på vakt», la Benneche til. Rettnok kunne det seiast at straffeparagrafen var lite effektiv i praksis, men han hadde sin misjon ved at likekjønna «forgåelser» blei stempla «som forbrytelser i den almindelige bevissthet». Dette verka avskrekkande og hindra alt for openlyse forsøk på forføring.

 

Jæger foreslår underskriftskampanje

Alf Martin Jæger sitt lesarinnlegg frå 15. november 1928 førde altså til ein aldri så liten debatt i november og desember 1928, der han sto aleine om å forsvara sine standpunkt. Om det var fleire enn dei me her har fanga opp som tok ordet, får me neppe vita før Nasjonalbiblioteket har digitalisert alle norske aviser og tidsskrift.

Eit interessant nytt funn er at Jæger ikkje gav seg heilt. Vel fem månader etter den første artikkelen, den 25. april 1929, publiserte han nemleg ein nytt innlegg, denne gongen i Norges Kommunistblad. Her minna han om innlegget sitt frå hausten før der han hadde framheva «det forferdelege i å ha en straffelov for mennesker som er medfødt homoseksuelle». Artikkelen hadde vakt ein del oppsikt og det kom «noen tåpelige svar fra flere som sikkert var helt ukjent med dette spørsmål». Men Jæger trakk no fram at han også hadde fått eit brev frå ein 29 år gammal mann som skildra eit liv i konstant frykt for at hans «skavank» ville bli oppdaga. Dette meinte Jæger illustrerte godt kva effektar paragrafen hadde. Jæger hadde slett inga tru på at straff kunne hindra «smitte» og «forførelse» - dei som hadde kunnskapar på feltet meinte nemleg at homoseksualitet var meir utbreidd i dei landa der det var forbode enn der det var lovleg. Han beklaga at ein framleis hadde eit lovverk basert på det forelda kristne og jødiske synet på saka.

Jæger tok vidare til orde for at ein i Noreg burde gjera som i Frankrike: få i stand ein underskriftskampanje til styresmaktene. Truleg har han her forveksla Frankrike med Tyskland. Der hadde nemleg Magnus Hirschfeld sidan hundreårsskiftet stått bak underskriftskampanjar som hadde fått stor oppslutning.

Eg har ikkje funne nokon respons på dette siste innlegget, som var det fjerde Jæger skreiv sidan november 1928. Kanskje fekk Jæger med dette det siste ordet i saka. Sjølv om det fanst folk som var einige med Jæger i at straffeparagrafen burde fjernast (som Karl Evang og Torgeir Kasa), ser det ut for at forslaget om ein underskriftskampanje har falle på steingrunn.

Det er interessant at innlegget blei publisert i Norges kommunistiske parti (NKP) sitt hovudorgan. Alf Martin Jæger var sjølv tilknytta Arbeidarpartiet slik at det ville vore meir nærliggande å ytra seg i Arbeiderbladet - eller i Dagbladet, der debatten først hadde vore førd. At artikkelen enda opp i ein relativt marginal publikasjon som Norges kommunistblad tyder vel på at han ikkje hadde fått det inn nokre andre stader.

I Sovjetunionen hadde forbodet mot homoseksualitet vore oppheva etter revolusjonen der kommunistane kom til makta i 1917. Og i Tyskland var kommunistane dei sterkaste og mest konsekvente støttespelarane for homorørsla sitt krav om avkriminalisering. Det norske NKP hadde likevel langt frå dette som ei kjernesak eller som ei sak dei i det heile tatt var villige til å fronta aktivt, men det faktum at Jæger sitt syn på dette tidspunktet var i tråd med den internasjonale «partilinja», kan forklara korfor avisa likevel valde å ta det inn.   

 

Eit rop i ørkenen

Jæger sitt innlegg skapte altså ein viss debatt, men det er kanskje like påfallande at det var relativt marginale figurar som tok del i ordskiftet. I ei tid då homoseksualiteten var oppfatta som eit tema innan psykiatrane og psykologane sitt ekspertområde, skulle ein kanskje forventa svar frå desse. Men med mindre debatten blei ført vidare i andre publikasjonar enn Dagbladet, ser desse ut for å ha uteblitt.[20] Me finn heller ingen svar frå religiøse autoritetar eller frå kulturradikale forfattarar.

Ei mogleg forklaring er den utbreidde diskresjonen knytt til dette temaet i samtida. Denne kan forklarast av at ein såg det som uheldig å i det heile tatt gi temaet merksemd, men det er også klart at  homoseksualitet ikkje blei sett på som det sentrale temaet i moraldebatten i mellomkrigsåra. Andre spørsmål, som seksualopplysning, prevensjon og abort, sto i sentrum.

Det var like fullt forbløffande at Jæger både gjennom romanar og no altså også gjennom å ta ordet med fullt namn i ein avisdebatt, hadde engasjert seg i dette spørsmålet. Han hadde sidan ungdommen vore glødande sosialist og var eit godt kjend namn i arbeidarrørsla i Troms. I den vesle bygda Oksfjordhamn var han engasjert i Arbeidarpartiet sitt lokallag som sekretær, og hadde også her vore ein av 1. mai-talarane i 1928. Han hadde også seinare tillitsverv i partilaget og tidleg på 1930-talet var han også ei tid innvald i kommunestyret i Skjervøy. Det var likevel ikkje som lokalpolitikar han markerte seg tydelegast som ei markant røyst i den nordnorske arbeidarrørsla, men som skribent i partipressa. Han var ein markant bokmeldar i Arbeidarpartiet sitt fremste talerør i regionen, Nordlys. 

Alf Martin Jæger sitt initiativ til ein homodebatt i 1928 må oppfattast som ein protest og eit (relativt mislykka) forsøk på å setja temaet på dagsorden, eit rop i ørkenen om ein vil. Dette gjorde han ved å hevda at homoseksualiteten var ein medfødd, ikkje-patologisk og «ikkje-smittsam» eigenskap, ein strategi som både var grunnlaget for den samtidige homorørsla i Tyskland og som skulle blir det i den homorørsla som etablerte seg i Noreg og andre europeiske land etter andre verdskrig.

Dette er ein omarbeidd og utvida versjon av ein artikkel som ophavleg sto på trykk i tidsskriftet MELK nr. 6 (2018). Artikkelen til Johan Ørjasæter og Jæger sin artikkel i Norges kommunistblad var ikkje med i den opphavlege artikkelen. Takk til kunstnar Kari Anne Augustsen for at me får bruka biletet ho laga som illustrasjon til artikkelen i 2018. 

 

Referansar

  • [1] Gatland, Jan Olav 1983, "Homofile tema i norsk litteratur", Samtiden 92 (2) :74-79 og Gatland, Jan Olav. 1990.Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur. Oslo Aschehoug.  Homodebatten i 1928 presenterte eg først i ein artikkel i 2017: Jordåen, Runar. 2018 «Arktisk homokamp», Syn og segn nr 2 (2017): 66–73.

[2] Dagbladet 25.10.1928.

[3] Adresseavisen 07.07.1928.

[4] Arbeiderbladet 07.07.1928. Foredraget var skrive av Hirschfeld si kampfelle frå homorørsla, Kurt Hiller (1885–1972).

[5] Jordåen, Runar. «’Homoskandale!’ Sosialdemokrati, sensasjon og seksualitet i Bergen i 1909». I «Han e’ søkkane go’!» Et festskrift til byarkivar Arne Skivenes, redigert av Ragnhild Botheim m.fl., 424–445.Oslo: ABM-media.

[6] Dagbladet 15.11.1928.

[7] Etter 1945 var han generalsekretær i Norsk Teosofisk Samfunn. Sørensen, Eli H, «Teosofi og norrøn mytologi – universelt budskap i nasjonal drakt» I Skjult visdom – universelt brorskap. Teosofi i Norge, redigert av Ingvild Sælid Gilhus og Lisbeth Mikaelsson, 109-124. Oslo: Emilia, 1998, 107.

[8] Dagbladet 16.11.1928.

[9] Dagbladet 30.11.1928.

[10] Nyström, Anton. Om homosexualitet och hermafroditi. Belysning af missförstådda existenser, Stockholm: Svanbäck & Komp, 13.

[11] Dagbladet 30. 11.1928.

[12] Dagbladet 6.12.1928.

[13] Dagbladet 16.11.1928.

[14] Nyström, Om homosexualitet och hermafroditi, 8.

[15] Ibid, 15.

[16] Ibid, 10.

[17] Sjå Emberland 2015.

[18] Dagbladet 11.12.1928.

[19] Dagbladet 10. 12.1928.

[20] Eg har også søkt på namnet til Jæger og andre relevante ord i Nasjonalbiblioteket sine digitaliserte aviser utan å finna nokre andre spor etter at debatten blei førd vidare.