Homostriden i NRK i 1958

Johs. Aanderaa si oppseiing blei tema i pressa, utan at homofili-saka blei nemnd. Her faksimile frå Lofotposten 17. november 1958.
Johs. Aanderaa si oppseiing blei tema i pressa, utan at homofili-saka blei nemnd. Her faksimile frå Lofotposten 17. november 1958.
Då kringkastingssjefen i 1958 sette foten ned for eit radioinnslag om homofili, sa journalisten Johs. Aanderaa opp.

Johs. Aaanderaa (1927-1991) var presteson fødd i Narvik og oppvaksen på Beitstad i Trøndelag. I 1954 kom han til NRK som ei ung og frisk journalistrøyst. Den kompromisslause innstillinga hans var årsaka til at karrieren blei kort: I 1958 ville han laga eit programinnslag om homofili: ein bokomtale av boka Vi som føler annerledes (1957) av Finn Grodal, psevdonym for Øivind Ekchoff (1916-2001).

Då kringkastingssjef Kaare Fostervoll stoppa Aanderaa i dette arbeidet, sa han rett og slett opp i protest (ifølgje Grepstad 1994, 15 og 2002).

Om innslaget hadde blitt sendt ville det utan tvil både skapt åtgaum der og då og blitt ståande i mediehistoria. I ei tid då NRK hadde monopol på å kringkasta radio i Noreg sat folk landet rundt benka framfor radioapparata og høyrde på dei same programma. Og den markante NRK-sjefen og arbeidarpartimannen Kaare Fostervoll meinte tydelegvis at folket ikkje var klar til å få djuptpløyande drøftingar av det homoseksuelle problem rett heim i stovene. 

Dansk frisinn

Forutan den eine norske radiokanalen, hadde norske lyttarar ei anna moglegheit: å stilla radioapparata over på langbølgenettet, og slik få den knitrande lyden av den store verda inn i heimane. Det var nettopp det ein av Det norske forbundet av 1948 (DNF-48) sine medlemer gjorde eit par aprilkveldar i 1958. Dansk radio hadde nemleg gått til det djerve skrittet å senda to innslag om "det homofile problem" denne våren. Trass i nokre små avbrot der mottakarforholda var dårlege, slik ein må rekna med ved langbølgekringkasting, fekk den norske lyttaren med seg mesteparten av det som blei sagt, og kunne referera det i det stensilerte medlemsbladet til DNF-48, Oss i mellom (DNF-48 1958, 3-4).

Av det hen høyrde var det av særleg interesse for Forbundet sine medlemer at ein av dei sjølv spelte ei hovudrolle i det eine innslaget. Øivind Eckhoff var nemleg ein sentral person i den tidlege norske homorørsla, og i det danske radioprogrammet var mykje tid via ein positiv omtale av Vi som føler annerledes. Den anonyme forfattaren av artikkelen i Oss i mellom, var naturleg nok begeistra. Vedkommande nemnde også at dansk kringkasting let homofile kvinner og menn sjølv koma til orde, og konkluderte med at dei to radioinnslaga var viktige bidrag til å rokka ved dei utbreidde fordømmande haldningane blant folk.

Norsk utakt

I Noreg var situasjonen annleis, ein måtte skru over til Danmark om ein ville høyra tale om den første norske fagboka om homofili.

Men Johs. Aanderaa hadde villa det annleis. Det var i hans populære bokprogram at Vi som føler annerledes skulle omtalast. Kva som skulle på lufta i staten sin radiokanal var likevel ikkje berre opp til den einskilde programleiaren, det såkalla programutvalet skulle og ha eit ord med i laget. Den 7. januar 1958 blei det omtalte innlegget drøfta her. Medlemene delte seg: Av dei som var for var Reidar Kjellberg, Johs. A Dale og Eva Nordland. Av motstandarane var den sentrale NRK-mannen Knut Tvedt. Den som fekk siste ord var likevel sjefen sjølv: Kaare Fostervoll meinte det ikkje var NRK si oppgåve «å trekke fram en slik bok» (Dahl og Bastiansen 1999, 583, n. 33). Noko nærmare grunngjeving ser det ikkje ut for han gav, men han hadde ei generell oppfatning om at det ikkje var kringkastinga si oppgåve å driva «orientering om seksuelle spørsmål» (Dahl og Bastiansen 1999, 198).

Ein annan sentral aktør i den tidlege norske homorørsla, Arne Heli (1924-2006), snakka sju år seinare om det som var skjedd i NRK:

Finn Grodals bok ble av toppledelsen i NRK nektet omtalt til tross for at en kjent habil psykolog hadde sendt inn og fått godtatt en fyldig anmeldelse i programavdelingen (Heli 2006, 144).

Heli var sambuaren til Eckhoff, og hadde sjølv bidratt i arbeidet med boka. Den refererte utsegna til Heli blei ytra for eit fullsett studentersamfunn i Oslo vinteren 1965, ei banebrytande hending i og med at det var første gong ein i norsk offentlegheit sat framfor ein sjølverklært homofil. Der DNF-48 i 1958 hadde vore full av lovord om dansk kringkasting, kunne Heli i 1965 ikkje seia det same om den norske:

NRK har til dags dato ikke hatt mot til å ta opp problemet homoseksualitet, mens Sverige og Danmarks radio har hatt flere programposter om emnet (ibid).

Liv Haavik skjer gjennom

I underkant av eit halvt år etter at Heli avsa denne dommen i Det Norske Studentersamfund, skulle det heile endra seg. Liv Haavik (1921-1991) var den store pioneren når det gjaldt å setja «sosiale spørsmål» under debatt i norsk kringkasting. Ho sytte for at ein snakka meir direkte om tema som kriminalitet, alkoholisme, prostitusjon og psykisk sjukdom i radiomediet.

Og sommaren 1965 blei det ho som hadde motet til å bryta lydmuren. Ho produserte to fulle program om homofili – som då blei dei første programma om emnet i norsk kringskastingshistorie.[1]

Sjølv om det heller ikkje på dette tidspunktet var eit ukontroversielt tema å drøfta for opne mikrofonar, var ein heil del skjedd sidan slutten av 1950-talet. Ikkje berre var Fostervoll sin æra i NRK omme, DNF-48 si verksemd, kombinert med så smått endrande haldningar til minoritetar og kontroversielle tema, hadde bidratt til ei «åpenhetsdemring» på midten av 1960-talet (Kristiansen 2008, 177-210).  

Markant fornyar

I 1958 hadde det langt frå demra for så mange, og i allle fall ikkje for kringkastingssjef Fostervoll, som altså ikkje såg homofili som noko eigna tema for NRK.

Då Johs Aanderaa trakk seg i 1958 gjekk han ut i pressa med kritikk av at det i NRK herska ein for stor frykt for å ta opp «brannfarlige ting til debatt» (Nyhamar 1958, 8). Han sa då ingenting om at homofili-innslaget var hovudårsaka til at han han sa opp, dette blei først avslørt av Ottar Grepstad på 1990-talet (Grepstad 1994).

Etter å ha slutta i NRK byrja Johs. Aanderaa i 1958 i Det Norske Samlaget, der han blei den drivande krafta bak moderniseringa av forlaget. Og her dukka temaet frå den gongen i NRK opp att: I 1971 leverte forfattaren Hans Sande manuset til romanen Kom og sjå meg leva, som han ville gi ut under psevdonymet Rune Lie. Her var det skildringar av både bruk av narkotika og seksualitet, inkludert homoseksualitet. Trass stor motstand fekk Aanderaa trumfa gjennom viljen sin, og boka blei gitt ut (Grepstad 2002, 113-115).

Året etter gjekk Aanderaa over i stillinga som ekspedisjonssjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, og blei ein heilt sentral aktør i utforminga av ein ny norsk kulturpolitikk. Aanderaa var medlem av Arbeidarpartiet (Heskestad 2022).

Kva for ein «kjent habil psykolog» var det forresten som hadde førebudd eit innlegg om Vi som føler annerledes på radioen i 1958? Dei kjeldene eg har hatt tilgang til seier ingenting om det, men det er ikkje umogleg at det kan ha vore Ingjald Nissen (1896-1977). Han hadde markert seg som ein støttespelar for homorørsla. Då han i 1954 i eit NRK-program hadde omtalt Kinsey-undersøkinga om kvinners seksualliv, hadde han uttalt at lova hindra han i å seia kva han eigentleg meinte om det han skulle snakka om (Dahl og Bastiansen 1999, 583).

Vidare forsking

Saka og programutvalet si rolle er kort omtalt i NRK-historia til Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen (1999). Ottar Grepstad (1994, 2002), har på si side trekt fram Aanderaa si rolle oppe i det heile. I denne artikkelen har eg kombinert desse to kjeldene og supplert det med kjelder frå Skeivt arkiv knytt til DNF-48 si historie. 

Det er mogleg det kan finnast fleire kjelder blant anna i NRK-arkivet. Ein større studie av korleis homofile og skeive er blitt framstilt i NRK manglar førebels, men kan vera eit viktig bidrag til norsk skeiv historie.

Skeivt arkiv tar gjerne mot tips og supplerande opplysningar.

Fotnote

[1] Ordet homoseksualitet hadde rettnok vore nemnd minst to gonger i NRK radio før dette, blant anna i programmet «Frå slagbror til samfunnsborger. Samtale med «Billy» som blei sendt same år som Aandera sa opp i NRK. Fra slagbror til samfunnsborger. Samtale med "Bill". (nb.no)

Litteratur

Dahl, Han Fredrik og Henrik G. Bastiansen. 1999. Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo: Cappelen.

DNF-48 1958. «Dansk kringkastning behandler det homofile problem». Oss i mellom, 6 (april 1958), 3-4. 

Grepstad, Ottar. 1994. «Den første moderne forleggaren». I Kulturårboka 1994, redigert av Georg Arnestad, 15-35. Oslo: Samlaget.

Grepstad, Ottar. 2002. Det nynorske blikket. Oslo: Samlaget.

Heli, Arne. 2006. Åpen om det forbudte. Oslo: Pax.

Heskestad, Audun: Johannes Aanderaa i Norsk biografisk leksikon på snl.no. Hentet 8. desember 2022 fra https://nbl.snl.no/Johannes_Aanderaa.

Kristansen, Hans W. 2008. Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1920–1970. Oslo: Unipub.

Nyhamar, Jostein. 1958. «Ordet i Kringkastingen ikke så fritt som det burde være». Lofotposten 17. november 1958, 8.